Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i strålande sol

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mai 2026

Måndag 18. mai gjekk kløverturen frå Åsen bygdemuseum til kvilebua ved Lomtjønna i strålande ver med sol og god temperatur.

Rekonstruksjon av kavlveg i myr. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Historie om Kavlvegen:

«Surnadal kommune har bygd Kavlvegen kultursti som eit eksempel på berekraftig og naturvennleg tilrettelegging på sårbar myr. Turstien har formidling og bevaring av lokalt tradisjonshandverk og freda kulturminne som innovasjon og universiell utforming. På myrområdet får du oppleve ei gigantisk brulegging/klopping i ubehandla tre: Surnadalskloppa. Den flytande konstruksjonen er tilpassa rullestolbruk, men låner kunnskap frå arbeidet med å rekonstruere ei tolking av ein kavlveg frå 1160-talet like ved.»

I godveret vart det ein lang og triveleg matpause ved Lomtjønna.

Kjekt å gå tur i lag. Foto: Marit Sanden Søyset.

Rundt bordet: Arndis, Marit, Jorunn Ø, Dordi Jorunn, Jorunn, Helga, Kari. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Både Kavlvegen og Toåa tursti er gode eksempel på vellykka og god tilrettelegging for allmenn bruk; lågterskeltilbod.

Kløvertur i Toåa tursti 27. april .Nysnø i fjellet, surt og kaldt. Bruvollen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Neste kløvertur blir måndag 1. juni.

 

 

Først publisert: 18. mai 2026, 21:51 - Sist oppdatert: 19. mai 2026, 09:47