Det er kvart år knytt stor spenning til starten på laksefisket i Toåa. I år ligg det iallfall godt til rettes med tanke på forholda i elva. Den siste tida har det vore både snøsmelting og regnvêr, som har gjort at det er tipp topp forhold i elva.

Ståle Ansnes og Stig Husby tek ein pause ved Stillhølen etter rydding og merking av fiskeplassen. Foto Jon Olav Ørsal
Onsdag kveld var det dugnadskveld for å gjera alt klart til ein ny laksesesong – både rydding av kratt og litt slåttearbeid for å legge tilhøva til rette for laksefiskarane. Etterpå var det dugnadskaffe og evaluering i fotballpuben heime hos Andreas Brøndbo som er nyvalet leiar i elveeigarlaget.

Klart for dugnadsinnsats – frå venstre Stig Husby, Ola Dalsegg, Ståle Ansnes og Andreas Brøndbo. Foto Jon OLav Ørsal
Han tek over styreklubba etter Stig Husby, som no får andre oppgåver, men Andreas vil fortsette det viktige arbeidet med å ivareta todalslaksen. Mellom anna skal flaumprosjektet vidareførast, og vi blir nok berørt av det store utbyggingsprosjektet i nedre Driva berre for å nemne noko.
Men som sagt så er det laksestarten i Toåa som står øvst på agendaen – her er det start natt til måndag kl 00:00. Du finn meir opplysningar om starten på laksefisket i Elveguiden, der er det oppdaterte reglar for årets laksefiske i Toåa.




