Onsdag kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen på laurdag. Det vart sett opp telt, rydda i klubbhuset og det vart slått gras rundt om på anlegget. Så no er Todalen Idrettslag klare til å ta i mot dei besøkande på laurdag, der det er TodalsCup i fotball, Mini Ræta, Ræta opp, stort sommarlotteri, kiosk og sal av grillmat frå klokka 09:30 og eit stykke ut på ettermiddagen.
Sytten personar møtte opp for å vere med på dugnaden på Bordholmen, og dugnadsgjengen vart fordelt på dei ulike oppgåvene som skulle gjerast i løpet av dugnaden i gråvêret. Heldig vis vart det berre duskregn, så vêrgudane greidde ikkje å øydelegge dugnaden og alt det planlagte arbeidet vart gjennomført.
Den største gjengen gjekk med til å sette opp det store teltet. Andre rydda inne i klubbhuset, eit par stykker slo gras og eit tre sette opp det nyinnkjøpte teltet, der sekretæriatet for Ræta opp! og Mini Ræta skal ha basen sin under Todalsdagen.
Det vart også fylt opp ein hengar med det utrangerte gamle teltet og ein frysar som skulle leverast på ReMidt.

Det vart servert kaffe, skuffkake og bakels med graut i det store teltet etter dugnaden. Foto: Endre Talgø
Etter dugnaden vart det servert kaffe, skuffkak og bakels med graut i det store teltet.
Da er Bordholmen stadion klar for «storinntykk» på laurdag. – Takk for innsatsen til alle som deltok!, sa ein nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø etter dugnaden.





