Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kløvvegmarsjen

Kløvvegmarsjen

Elinor Bolme Måndag 6. august 2012

Frå Jon Bruset har vi fått tilsendt ein mengde bilde frå den 10. Kløvvegsmarsjen som gjekk no sist laurdag. Her går folk og dyr etter den gamle kløvvegen som vart brukt til setrene i Vindøladalen. I år var Nils Røv med som kjentmann og historieforteljar. Han fortalte om arbeidet og livet rundt seterdalen frå gamalt av. Oppmøtet var godt, heile 54 personar  deltok på turen i lag med 3 hestar og 2 ponniar. Målet for turen var Røstasetra der det var salg av rømmegraut, bakels og kaffe, til musikk av Trond Larsens Kvartett.

Marsjen starta i tett skodde, men over Veltret letta det og det vart gløtt av sol innover dalen. Turen tok brotimot 5 timar i passeleg tempo.

Jon har sendt med mange bilder frå turen. Sjå galleriet under.

Publisert: 6. august 2012, 18:43