Fredag og laurdag er det fastelavnris til sals på Matkroken Todalen. I dag da vi var innom butikken var Ingrid Pedersen på plass med Sanitetens fastelavnskolleksjon. Det er ein 80 år gammel tradisjon som stadig blir ført vidare av NKS – Norske kvinners Sanitetsforening. Og inntekta frå salet går til forskning på kvinnesjukdomar, der NKS gjennom åra har støtta eit 70-tals forskningsprosjekt.

Du kan og kjøpe store farga fjær – 25 kroner pr stk. Her kan du være med og pynte Sanitetstreet som står bortmed vegen framfor butikken. Foto Jon Olav Ørsal
No kan du altså støtte dette arbeidet med å kjøpe ein bukett med fastelavnsris eller eit lerkehjarte som selges til same pris, kr 150 pr stk. Eller kanskje du vil kjøpe store fjær i staden, og være med å pynte «Sanitetstreet» som står på vegkanten framfor butikken. Fjæra kostar kr 25 pr stk, og du kan kjøpe så mange du vil.
Det er folk frå saniteten på plass i butikken i dag og i morgon, men du kan og kjøpe på sjølvbetjening utafor butikken – da betaler du med Vipps nr 101456 – enkelt og greit!

