Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjenner du deg sliten og tappa for energi?

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. januar 2026

Kroppen spelar kanskje ikkje heilt på lag? Det er spørsmål folkehelsekoordinator og kommunal fysioterapeut Trine Glåmen stiller i ei melding til oss i dag på tidleg ettermiddag. 

Bakgrunner er at Friskliv og Meistring Surnadal kommune inviterer til 12-vekers frisklivskurs, heilt utan treningspress. Små steg, stor kraft heiter det mellom anna i invitasjonen. 

Frisklivskurset er eit lågterskeltilbod for personar over 18 år som vil ha meir energi og overskot, og ein treng ikkje vere i form for å delta på kurset!

Det er lagt opp eit ei inneøkt og ei uteøkt kvar veke. Det blir også temabaserte samlingar og helsesamtale. 

Kursstart er måndag 2. mars i sokkelen på Surnadal sjukeheim. Kurset kostar kroner 500,-, og ein melder seg på til Surnadal kommune si fysioterapiteneste på telefon 71 65 82 21. Om ein har spørsmål om kurset, tek ein også kontakt på med fysioterapitenesta. 

Ta gjerne med deg ein ven og meld deg på!, er den klare oppfordringa frå Glåmen. 

 

Publisert: 23. januar 2026, 14:26