Fredag kveld inviterte Todalen Idrettslag til «pizzapub» med gruppefinale mellom Norge og Frankrike på storskjerm i Todalen ungdomshus. Og responsen var stor, og rundt nitti personar møtte opp for å få med seg Knut Bergli og Jon Olav Roaldset sin fenomenalt gode pizza, forfriskningar frå baren og god fotballstemning, sjølv om Norge tidleg kom under og til slutt tapte 1 – 4.

F.v. Knut Bergli, John Moe, Jon Olav Roaldset og ein godt nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø kunne nøgd konstatere at «pizzapub» vart ein kjempesuksess. Foto: B G Ansnes
Ein halvtime før kampen starta, hadde «pizzagjengen» allereie selt åtti pizzaer, så leiar i Todalen Idrettslag, Endre Talgø, kunne godt nøgd konstatere at «pizzapuben» vart ein skikkeleg stor suksess.
Før kampen tok til, var det også høve til å vere med på quiz, der dei femten spørsmåla var relatert til det som skjedde under kampen. Her var det mellom anna spørsmål om kven som skåra første mål, siste mål og sluttresultat.
Sjølv om altså Norge tapte kampen, så kan Todalen Idrettslag og komiteen notere nok eit vellukka og triveleg arrangement i minneboka si!



