Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjem frå Overhalla for hogge gran og rydde etter «Amy»

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2025

Stormen «Amy» gjorde at det vart ein ekstraordinær situasjon for Allskog og skogeiarane her på Nordmøre, og no er arbeidet i gang med å rydde opp etter stormen som la ned fleire tusen kubikk med både gran, furu og lauvskog.  No går hogstmakinene på høggir for å berge mest mulig av tømmeret som er lagt ned før kvaliteten blir forringa. 

Det skal hoggast eit par tusen kubikk gran, samt mykje spredd vindfall rundt omkring – foto Jon Olav Ørsal

Stig Lyngsnes og Adina Makslathi frå Overhalla Skogsdrift er komne til Todalen for å gjera ein ryddejobb i skogen på Talgø Gard – her skal dei ta ut eit par tusen kubikk i eit granfelt, samt at det er eit stort antall tre – kanskje tusen i talet – som er lagt ned som rotvelter rundt om kring i gardsskogen.  – Vi veit ikkje korleis dette skal handterast enno, men vi skal legge ei plan i lag med Allskog dei næraste dagane, fortel Kjell Gunnar Polden til Todalen.no.  Det kan bli aktuelt å bruke taubane eller vinsj enkelte plassar, men det blir avgjort etter kvart.  

Adina Makslathi og Stig Lyngsnes kjem frå Overhella – som namnet lyder er Adina egentleg finsk, men har vokse opp i Sverige og bur no i Overhalla saman med Stig. Vi blir bortskjemt her i Kokkhuset, med varm lunch. Vi er nok vant med matpakke og termos, seier dei to. Foto Jon Olav Ørsal

Det er sambuarparet Adina Makslathi og Stig Lyngsnes frå Overhalla har jobba mest i Tøndelag, men har no fått heile Midt-Norge som arbeidsområde – Overhalla Skogsdrift skal framover til jul ha to lag i arbeid her på Nordmøre, der Stig og Adina skal hogge for fleire skogeigarar i Todalen i første omgang, medan det andre laget skal til Tingvoll på jobb.  

Terrieren Koda er 13 veker og elskar å være med og køyre lastbærar, fortel matmor Adina. Foto Adina Makslathi

Adina og Stig har starta jobben i granfeltet som ligg mellom Kokkhuset og Storenghølen, og dei bur i Kokkhuset som ligg like ved granfeltet.  Da vi var ikkom på besøk var det lunchpause, men varm lunch i Kokkhuset.  – Vi blir nok litt bortskjemt når vi bur slik til, for vi er nok vant til å ha med oss matpakke og termos til lunchpausen, seier Adina.   Adina køyrer lastbærar medan sambuar Stig køyrer hogstmaskina.  Med seg på laget har dei og terrieren «Koda» som er 13 veker gammel – han trives som plommen i egget når han får være med matmor Adina og køyre lastbærar.  Da koser han og kviler i senga si, der det er trygt og godt.

Mykje vindfall i området frå Vassosen og oppover til Innerdalsmerket som står mellom to store rotvelter. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. november 2025, 14:59