September baud på både fjellvatn, solnedgangar, innhausting og utsikter mot det som kanskje kan kallast paradis. Våre flinke lokale fotografar har igjen fylt spaltene med flotte bidrag til Dagens bilete, og no er det på tide å kåre favoritten blant blinkskota.
No er det du som bestemmer. Kva bilete fortener heider, ære og den høgthengande tittelen som månadens bilete på todalen.no?
Stem på din favoritt i skjemaet under før midnatt 18. oktober.
Tusen takk til alle som sender inn bilete til Dagens bilete! Vi tek svært gjerne imot fleire bidrag framover. Har du fanga haustfargar, morgondis, kaffikoppar på trappa eller andre kvardagsglimt frå bygda, kan du sende dei til red@todalen.no.
Kandidatane er:








