Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåring av månadens bilete i mai

Guro Redalen Laurdag 4. juli 2026

Det finst tabbar ein kan leve med. Gløymde bilnøklar. Kaffikoppen på biltaket. To ulike sokkar på føtene. Å sende ein e-post med «Vedlagt finn de dokumentet» utan å leggje ved dokumentet. Men så finst det tabbar som er så spektakulære at dei nesten fortener ein eigen plass i Stangvikboka.

Det var om lag slik bilderedaktøren kjende det då arbeidet med kåringa av månadens bilete i juni skulle ta til. For medan solnedgangane seig uti fjorda, livets tre voks vidare, villbiene suste i gullbost og månen tok fleire rundar over Bjøråsskaret, sat månadens bilete for mai framleis urøysta att som eit einsleg bakels etter Todalsdagen.

Mai. Heile mai. Gløymd.

Korleis dette kunne skje, er framleis under etterforsking. Etterforskarane står førebels utan sikre spor, men arbeider ut frå hypotesen om at mai rett og slett gøymde seg uvanleg godt. Ei alternativ forklaring er at bilderedaktøren har budd for lenge i Bergen. Der blir ein etter kvart vant til å utsetje ting til neste opphaldsvêr. Problemet er berre at innan opphaldsvêret kjem, har det blitt juli. Meteorologane har førebels ikkje ville kommentere saka.

Men betre seint enn aldri! Difor opnar vi no den kanskje mest forseinka månadens-bilete-kåringa i moderne todalshistorie. Her finn du sju kandidatar frå mai, med motiv frå fjord og fjell, Hareid og Renndølsetra, måneskin og blomsterprakt, parkerte køyretøy og livskraftige tre.

No er det opp til dykk å avgjere kva bilete som fortener tittelen «Månadens bilete for mai 2026». Kåringa blir avslutta ved midnatt 11. juli.

Tusen takk til alle som sender inn bilete gjennom året! Og skulle du sitje på eit blinkskot frå arkivet, er det berre å sende det til <red@todalen.no>. Vi kan ikkje love at det ikkje blir gløymt i ein månad, men vi har sett ned ei gransking av rutinane.

Parkert for godt

Livets tre

Solnedgang uti fjorda

Månen i Bjøråskaret 

Og det er kirsebærtreet innafor hageleet som blømar i tidleg vår

Renndølsetra

Hareid

Loading ... Loading ...

Publisert: 4. juli 2026, 10:56