Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåring av månadens bilete i juni

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Juni har kome og gått akkurat slik juni skal. Med sommarsol over fjorden, grøne marker som strekkjer seg litt lenger for kvar dag, blomar som har hatt det travelt med å blomstre, og netter som knapt har teke seg bryet med å bli mørke. Nokre har vore på fjelltur, andre har halde seg nærmare kaffikoppen, men heldigvis har mange hatt kamera eller mobil for hand. Slik kan vi no oppsummere juni gjennom ei handfull flotte fotografi frå rundt om i bygda og utafor Kammen.

Blant kandidatane finn du både store utsyn og små detaljar, stille stunder og sommarliv. Som vanleg er det fascinerande kor ulikt ein og same månad kan sjå ut gjennom forskjellige kameralinser. Nokon fangar det storslåtte, andre det kvardagslege, og ofte er det nettopp dei små augneblinka som blir sitjande att lengst.

No er det opp til dykk å avgjere kva bilete som fortener tittelen «Månadens bilete for juni 2026». Kåringa blir avslutta ved midnatt onsdag 22. juli.

Tusen takk til alle som tek seg tid til å sende inn bilete gjennom året. Dagens bilete er blitt ein fast del av todalen.no nettopp fordi så mange deler naturopplevingar, kvardagsglimt og gode augeblikk med resten av oss.

Har du eit blinkskot på lur, er det berre å sende det til red@todalen.no. Biletet kan vere frå i dag, frå i går eller frå den gongen sommaren faktisk varte i tre månader i strekk. 

Kandidatane er:

Blikkstille

Flåøya

Aurorasommerfugl på skogstorkenebb

Svarte skya tek sola

Nye naboer

Utsikt frå Hyllå

Natt

Loading ... Loading ...
Publisert: 15. juli 2026, 11:21