Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåring av månadens bilete i juli

Guro Redalen Tysdag 4. august 2026

Juli baud på både Ro på Vangshaugen, Engler i Nauståfossen og ein Ivrig fiskar oppi Rismobotn som tydelegvis hadde viktigare ting å drive med enn å sitje stille for fotografen. I Vik stod Gamalostbauta i Vik støtt som eit fjell, medan nokon stilte det store sommarsprøsmålet: Blåbær – Argentinas hemmelige våpen? På veg til fjells var det sjølvsagt med Furkunnjmat te fjills, og om du vart litt svimmel av alle inntrykka, kunne du alltids studere Trekantar. Prikken over i-en vart ein nydeleg Julikveld på Kvendsetørå, som minte oss om kvifor juli ofte er den mest fotogene månaden av dei alle.

Men før vi kan setje punktum for juli og la august ta over med mørkare kveldar, modne bær og eit forsiktig snev av haust i lufta, må vi kåre månadens bilete for juli. Avstemminga blir avslutta ved midnatt tysdag 11. august, så ikkje vent for lenge med å stemme på favoritten din.

Tusen takk til alle som sender inn bilete! Har du eit blinkskot frå nært eller fjernt, nytt eller nostalgisk? Send det til red@todalen.no. Kanskje er det ditt bilete som blir månadens bilete neste gong? 

Kandidatane er: 

Ro på Vangshaugen

Engler i Nauståfossen

Gamalostbauta i Vik

Blåbær – Argentinas, hemmelige våpen?

Ivrig fiskar oppi Rismobotn

Trekantar

Furkunnjmat te fjills

Julikveld på Kvendsetørå

Stem på din favoritt i juli

Loading ... Loading ...
Publisert: 4. august 2026, 11:32