Desember kom snikande med mørke morgonar, lys i glasa og fleire gode grunnar til å stoppe opp og sjå seg rundt. Kamera har vore flittig brukt mellom adventslys, vintervær og nisseleiting, og no er det på tide å røyste fram månadens bilete. Dette blir òg siste kandidat til kåringa av årets bilete 2025.
Så ta deg ein pause frå romjulsrestar, nyttårsforsett og dompapvakt ved fuglebrettet, og gi di stemme. Kandidatane finn du under, og røystinga blir stengd ved midnatt måndag 12. januar.
Som alltid er vi svært takksame for bidrag til dagens bilete på red@todalen.no. For kven veit kva januar har å by på? Kanskje rim i barten, spor i nysnøen, hummar og Kanariøyane?
Kandidatane for desember er:







