Året har snurra seg ferdig gjennom tolv månader med regnbyger, solglimt, snøfokk, myggstikk, kaffikoppar på trappa og fotomotiv. Og endeleg er tida komen: Kåringa av årets bilete 2025.
Her er det berre å sleppe laus både magekjensle, estetisk sans og lokalpatriotisme. Kva for eit av dei tolv månadsvinnarane meiner du fortener den svær gjeve, høgt hengande og mildt sagt skrytbare tittelen? Er det Volkswagen, sommarkveld, måneskin eller solnedgang som får hjartet ditt til å hoppe litt ekstra?
Ta deg ein liten pause frå vedstabling, fugletitting eller å sjekke yr.no konstant om det blir skiføre, og gi di røyst. Kandidatane ventar nedanfor, og avstemminga er open heilt fram til midnatt tirsdag 27. januar. Vinnaren av årets bilete 2025 blir gjort kjent på årsmøtet til todalen.no seinare i vinter.
Og du – vi blir like glade kvar gong innboksen får eit nytt glimt frå kvardagen i Todalen og omegn. Send gjerne inn bidrag til red@todalen.no. For kven veit kva det nye året bringer? Kanskje rim i skjegget, solspegel i fjorden, ein traktor i solnedgang eller noko heilt uventa.
Kandidatane er:













