Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kald sesongstart med NM-sprint på Meråker

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. januar 2026

Trollheimen fjellsportklubb stilte med 4 deltakar under NM sprint Randonee på Meråker.  Gradestokken viste frå 15 kuldegrader og oppover , og det vart nok kaldt både for løparar, arrangørar og for heiagjengen etter kvart.  23 deltakarar stilte på startstreken for å kjempe om beste plassering i kampen om NM-pokalen.  

På pallen – 1.-plass for Aron og 3.-plass for Isak. Foto Vigdis R

For Trollheimen Fjellsportklubb stilte to løparar i seniorklassen – Steinar Aarvåg og Erik Kårvatn, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping stilte i junorklassen U18.  Vi har ikkje fått den offisielle resultatlista enno, med det er klart at Aron hamna øverst på pallen, medan Isak kom på 3.-plass.  Det er også klart at Erik Kårvatn fikk 4. beste tid i herreklassen for senior. Resten må vi vente med til vi får den offisielle resultatlista frå arrangøren.

Startnr 46 – Isak i tet foto Vigdis R

Erik med start nr 40 på låret – i dag vart det 4.-plass for Erik. Foto Vigdis R

Resultatliste med poengberegning fra NM Sprint Randonee i Meråker den 3. januar 2026:

Først publisert: 3. januar 2026, 17:03 - Sist oppdatert: 4. januar 2026, 06:59