I dag starta entreprenøren Bredensen arbeidet med å bygge veg ned til området der det nye kaianlegget skal bygges. – Vi måførst bygge veg, slik at vi kan kome ned med maskiner, først og fremst til arbeidet med peling og seinare betongarbeid på den nye kaia ved elskarberget. Bredesen reknar med at dei vil halde på med dette prosjektet fram mot jul, før dei er ferdig med sin del.
Den nye kaia skal brukes for å ta i land et par store transformatorar som skal transporterast vidare til til Øvere Surnadal til Surna Trafostasjon. Trafoane er store og tunge, og det har vore gjort grundige vurderingar på kvar det er muleg å ta dei i land, og dei endte opp med området i Todalsstranda.

Det er Bredesen som er i gang med arbeidet på vegen ned til området der den nye kaia skal bygges. Foto Jon Olav Ørsal
Det er litt trongst om plassen forbi anleggsområdet, så Bredesen oppfordrar til å kjøre forsiktig når du passerer området som i anleggsperioden har 50 km/t som fartsgrense. Skal du på ferge, eller legetime så lønner det seg å starte slik at du har litt tid å gå på i tilfelle anleggsarbeidet hindrar trafikken.


