I dag eer støypinga av fundament til Statnetts kaianlegg i Todalsstranda kome eit skritt vidare. Arbeidet med pålinga ned til grunnfjellet er ferdig, og no er det armering og støyping som står for tur. Det er lokal leverandør av betongen, som kjem frå Surnadal Betong, som stiller med pumpebil og sørger for at betongen kjemp på rett plass.

Kaianlegget som er under bygging ved Elskarberget – her leveres betong til kaifundamentet. Foto Jon Olav Ørsal
Det har nok vore ein travel sesong for Surnadal betong, for dei har og levert betongen til alle fundamenta til den nye kraftlinja mellom Surnadal og Vikalandet i Sunndal. No blir det nok travelt nokre dagar med levering av betong til fundamentet for kaianlegget.


