Kriseleiinga i Surnadal kommune, gjorde på sitt siste møte, nokre justeringarav i lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Dette er justeringar av dei tidlegare råda kriseleiinga gjekk ut med tidlegare i november.
Dei nye råda er begrunna med at den nasjonale smittekurva har flata litt ut sidan starten av november, då utviklinga av smittesituasjonen nasjonalt var i ein kritisk fase. Det har heile tida vore meininga at råda råda som vart gjevne den gongen, skulle gjelde inntil vidare.
Kriseleiinga har aldri gått ut med påbod, berre råd. Kriseleiinga rår til dømes ikkje lenger private frå å ha samankomstar i leigde lokale.
Meir om dei siste endringane i råda frå kriseleiinga kan du lese her: Koronainformasjon frå Surnadal kommune.