Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Jul på Nordmøre er i salg

Jul på Nordmøre er i salg

Jon Olav Ørsal Sundag 25. november 2012

Ein «ding dong» på dørklokka og 2 blide fjes som stod utafor, var ei påminning om at det er gått eit år og at det snart lir mot jul igjen. Det var nemleg Ola og Eivind Bolme som var på salgsrunde med årets utgåve av «Jul på Nordmøre».  Det er no tredje året at dei har salgsanvaret for Jul på Nordmøre i Todalen, og dei skal innom alle hus i heile bygda. Dei rekna med å bruka heile dagen og fleire kveldar før dei er komne rundt til alle.

Men det er berre å ha kr 70 klar når dei kjem, for det er eit flott julehefte dei har i veska si. Årets utgåve er på 68 sider, og har for første gong fargetrykk på alle sidene. Det er over tretti artiklar med variert stoff, og med skribentar frå heile Nordmøre. Årets skriftstyre har vore Eistein Bæverfjord (ledar), Lars Steinar Ansnes, Mona Rita Rønning og Karin Ormbostad.

Publisert: 25. november 2012, 12:17