Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juløltest

Juløltest

Elinor Bolme Sundag 13. desember 2009

Med jula kjem og juleølet, og todalen.no vart på laurdag invitert til å oververa ein høgtidleg seanse der heile 23 ulike julølsortar skulle testast. Dette er faktisk ein tradisjon som 6 karar har helde på med sidan 2006, og etter årsmøtet på laurdag vart dei samde om at dei skulle kalle seg Todalen Juløltestarlag. Dette kan kanskje verke litt useriøst, men det kan avkreftast; karane kunne fortelje at det faktisk stod fleire på vent, klare til å rykkje inn ved eventuelt alvorleg sjukdom blandt dei 6. Men viktigast av alt, ingen  kvinnfolk. Todalen.no’s representant var fasktisk den einaste kvinna som til no hadde fått oververa deler av den årlege juløltestinga.

Alle dei 23 sortane vart behørig testa, og kriteria var som ved ein fullgod poltest; sødme, fylde,bitterhet, ettersmak, farge, skum og lukt. Sortane omfatta både dei ulike som vi finn i vanlege butikkar, og dei som Vinmonopolet selger. For ikkje å blande alle desse smakane, bruka dei Kaptein kjeks for å nøytralisere. Noko dei hadde lært på ølkurs hos EC Dahls.

Toalen Juløltestarlag består av Olav Todal, Torkjell Ansnes Moe, Michal Heimlund, Sondre Halset, Willy Heimlund og Håvard Halset.

Årets vinnar vart Gourmet Jule Ale, som og var ein av nykommarane, noko dei antyda allereie etter test nummer 6.

Årets nykommar.
Årets nykommar.

Sjå resultatet av testen her ; Juløltest 2009, og bedøm sjølv!

Publisert: 13. desember 2009, 22:26