Jo Magnus Torvik var tidleg oppe i dag – saman med BPA Daniel Kaalen (Brukerstyrt Personleg Assistent) var han på plass i Raudåhølen kl 6:30, for å ta årets første laks. Vi traff dei to ivrige laksefiskarane i Båthølen litt seinare på dagen, men framleis venta dei på den første laksen. Men optimismen var det ikkje noko å seia på, for alle ivrige laksefiskarar har det i seg at det er på neste kast du skal ta storlaksen.
Jo Magnus fortel at dei to har kosa seg med laksefiske i heile dag – dette har vi nemleg venta på og gledd oss til sia midta av februar. Og dei har førebudd seg godt med fluebinding og planlegging på alle måtar. No er dei altså endeleg i gang, og dei 2-3 neste dagane er reservert for laksefiske i Toåa.
Jo Magnus og Daniel trives god i elva her, for både i Raudåhølen og i Båthølen ligg det godt til rette med universelle fiskeplassar som Jo Magnus er avhengig av etter eit uhell for nokre år sia. No er han så heldig at Daniel er like ivrig på laksefiske som han sjølv. Sjølv om laksefisket er resultatlaust enno i dag, så gir vi ikkje opp – vi har trua. – Toåa er ei kurant elv, med tidleg start og det er gode mulegheiter for fiske her, seier Jo Magnus, som fortel at dei har grilla, fiska og kosa seg heile dagen her i Båthølen.
Vi kunne egentleg tenkt oss å treffe fleire som deler interessen for laksefiske med oss, men det blir vel etter kvart. Vi kjem nok fleire turar til Toåa utover sommaren.
Kanskje har vi laksen her allereie på neste kast, spøker Jo Kåre ….


