Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) arrangerer også i år jegerprøvekurs. Årets kurs går over to langhelger, helgene 17. – 19. april og 24. – 26. april. Kurset blir arrangert i SJFF sitt klupphus på Tellesbø. Adressa er Nordsida 198.
Kursavgift for medlemmar er kroner 2.500,-, medan kursavgifta for dei som ikkje er medlem er kroner 3.000,-.
Påmeldingsfristen er 17. april. For meir informasjon om påmelding, gå inn på jegerproveeksamen.no. Last ned Jegerprøveappen og meld deg opp som kandidat og velge kurs. Let opp kurs hos Surnadal Jeger- og Fiskerforening. Når dette er gjort får ein eit brukernavn (JEGER-xxxxxx). Dette saman med kandidaten sitt namn skal sendes til surnadal@njff.no med emne «Jegerprøvekurs 2026».
Jegerprøven kan ein ta frå og med det året ein fyller 14 år.
Kursavgift inkluderer læremateriell, leige av våpen og ammunisjon på skytedag.
Samling 1, 2, 3 og 4 har obligatorisk oppmøte. Deltakarane kan ha fraver frå undervisninga på inntil 2 samlingar, men berre frå samling 5, 6, 7, 8 eller 9. Ved fråver skal deltakarane gjennomføre e-læring og levere dokumentasjon for bestått test for denne samlinga.
Informasjon om jegerprøven finn ein på Informasjon om jegerprøven
Om ein ikkje er medlem i NJFF, men ønsker å melde seg inn for å ta del i dei mange fordelane, kan ein melde seg inn her ved å trykke på lenka Hva får du som medlem i NJFF – NJFF
SJFF ønsker velkommen på kurs!

