Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Isak held fram med medaljehausten – nytt gull i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mai 2026

Isak Drøpping som saman med det norske juniorlandslaget er i Makaska i Kroatia, kopierte bedrifta frå fredag og tok eit nytt gull i dag.  Dagens arrangement er VM i Skyrunning, og Isak klarte å slå heile gjengen ein gong til.  I det 21 km lange løpet kom han i mål på 2:20:41 og fekk beste tid av dei 43 deltakarane i klassen (Youth C som er Junior) Nest best av dei norske vart Kristian Moen som vart nr 4 i klassen.

Isak hamna på pallen igjen – fikk bestetid i klassen under VM i Skyrunning. Bildet er frå premieutdelinga på fredag etter seier på vertikalen. Foto Privat

I klassen U23 vart det i dag Elia Thorvik som vart best av dei 57 deltakarane med tida 2:25:45.  Erik Kårvatn vart nest beste av dei norske deltakarane og kom på 27.-plass med tida 2:56:13

Tilsaman var det 100 deltakarar på denne distansen – løpet er på 21 km og har 1500 høgdemeter.   Isak Drøpping og Erik Kårvatn representerer Trollheimen fjellsportklubb under VM i Makarska i Kroatia. 

På telefon frå Makarska i Kroatia fortel Isak at han hadde den same gode kjensla i dag som han hadde fredag – kroppen fungerte fullt ut og det var berre godt å bruke musklane. Han fortel og at Erik også starta ut godt, og låg godt an. Men etter kvar fekk han mageproblem og måtte bremse på farten for å kome seg i mål. Dermed vart det 27-plass for Erik. 

Da vi snakka med Isaak var han mest oppteken av at det nærma seg flyavgang og heimreise – og måndag morgon er det eksamensdag på Surnadal vidaregåande skole. 

Publisert: 10. mai 2026, 10:13