Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Melshornløpet – Isak hausta NM-gull på Sunnmøre

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2026

Laurdag deltok Isak Drøpping på på Melshornløpet på Volda og hausta gullmedalje NM i juniorklassen, medan han vart nest best toalt i Melshornløpet, berre slått av Per Cchr. Færøvik i klassen Senior herre, som hadde bestetid 39:02 – Isak kom i mål på 39:39 altså ein plass på 37 sekund.

På juniorpallen – Isak på topp og Iver på 2.-plass. Foto Trollheimen FSK

Det var tre løparar frå Trollheimen fjellsportklubb som delttok – Isak vart best i herre junior, medan Iver Holen ko på 2.-plass med tida 42:02 (+2:33)  og Halvor Drøpping nr 7 i klasse M50-54 på tida 55,48 (+8:38).  Best i dameklassen vart Mari Fosse Vaksdal, Bjørgum med tida 45:13.

Dermed vart det plassering på toppen av pallen for Isak – og gavepremie på kr 3.000 kroner, med Iver på 2. plass med kr 2.000.  

Publisert: 6. september 2026, 10:04