Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte pensjonistane til formiddagstreff på MøreTre

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2026

Fredag inviterte Talgø til formiddagstreff med pensjonistane i Surnadal og rundt omkring. Mange pensjonistar sitt på mykje kunnskap og erfaring frå eit aktivt yrkesliv, og Talgø var interessert i å høre om kanskje nokon hadde lyst til å være med og bidra litt i arbeidslivet.

Hanne Waag er miljøvernleiar i Talgø – ho innleia formiddagstreffet med litt historikk. Foto Jon Olav Ørsal

Både i Byggmakker, Hageland og i fabrikkane kan det til tider være behov for nokre ekstra hender, slik at ein kanskje kunne oppnå ein «vinn vinn»-situasjon.  Det er nok mange som kan tene seg å bidra litt, og det kan ha stor betydning både med tanke på erfaring, og ikkje minst den sosiale biten med å være med og bidra og å treffe folk.

Øystein Halle ga oss eit innblikk i det imponerande fabrikkanlegget på Syltøran – herifrå går det rundt 1600 vogntog i året med ferdigvarer. Foto Jon Olav Ørsal

I dag var altså gjengen samla, og første ute var miljøvernleiar Hanne Waag som orienterte om Talgøkonsernet – litt historie og mest om Talgø i dag.  Øystein Halle som er dagleg leiar ved Talgø MøreTre orienterte om fabrikkanlegget og drifta ved Talgø MøreTre, som er marknadsleiar for Royalprodukt i Norge.
 MøreTre har i dag 95 tilsette, og produserer rundt 65.000 m3 med Royalprodukt ved fabrikken på Syltøran, og det meste blir omsett gjennom dei største byggvarekjedene i Norge og litt eksport.  Det drives ei omfattande forsking og produktutvikling i bedrifta, for eksempel på brannhemmande kledning.

På Syltøran har det vore gjort store investeringar dei siste åra, og i år investerast det i nytt fyranlegg som er dimensjonert for framtida. Det er faktisk den største enkeltsatsinga som er gjort i Talgø, og skal levere varme til anlegga på Syltøran. Det er basert på fyring med biprodukt frå produksjonen, og oppfyller dei nye miljøkrava til slike anlegg som kjem i 2030. 

Orientering om Byggmakker og Hageland – May-Britt Dyrli og Stig Morten Gjørsvik sørga for informasjon – foto Jon Olav Ørsal

Neste post på programmet var omvising i produksjonslokala til MøreTre. – Paul Lilleløkken, som er driftsplanleggar, sørga for ei interessant innføring i produksjonsprosessane og kunne stol vise fram eit topp moderne anlegg.
Til slutt var det Butikkane – Byggmakker og Hageland som stod for tur.  Her var det May-Britt Dyrli og Stig Morten Gjørsvik orienterte om butikkdrifta. 

Oversikt over anlegga på Syltøran – fotografert frå Roparn i 2024 – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. mars 2026, 17:44