Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte like godt heile bygda til lunch i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 28. november 2025

Todalen Sanitetsforening samla inviterte gjestar til lunchservering i Sanitetshuset.  Foreninga er aktiv, og er involvert i mange tiltak gjennom året, og no vil dei gje noko attende til bygdefolket og inviterte altså til gratis lunch denne gongen.  Saniteten har nemleg fått midlar frå sentralt hald i NKS, som er øyremerka til sosialte tiltak.  Dermed blir det arrangert lunch, eller kveldsmat 2-3 gonger i året – og det er både triveleg og populært, seier Solveig Glærum som er leiar i Todalen sanitetsforening. 

Dan Roger Pedersen var hyra inn som kokk – her i lag med kona Ingrid som er nestleiar i Todalen sanitetsforening. Foto Jon Olav Ørsal

Denne gongen var det altså lunch som stod på menyen, med kremet fiskesuppe med focaccia-brød, fortel Solveig.  – Det var naturleg at det vart fiskesuppe denne gongen, etter som vi har fått ein laks og 2 aurar med Todalen elveeigarlag. Det var 3 fine fiskar som var inndrege på grunn av at dei var litt skadd og ikkje kunne settast ut i elva igjen.  Dermed bestemte elveeigarlaget at dei skulle brukast til «gode formål» gjennom Saniteten.  

Jon Bruset prøver fiskesuppa – Ingrid er servitør. Foto Jon Olav Ørsal

Komiteen som bestod av Solveig Glærum, Ingrid Pedersen og Ragnhild A. Moe  hadde for høvet hyra inn Dan Roger Pedersen til kokkeleringa, og det vart laga to variantar med fiskesuppe – den eine utan gluten for den som hadde behov for det.   Neste trekk var sjølvsagt kor mange som tok vegen til Sanitetshuset på lunch – blir det nok plass eller blir det nok fiskesuppe. 

Kjøp lodd i årets kunstlotteri, seier Solveig Glærum – gevinsten er 3 maleri av Hilde Karlsen – trekning på årsmøtet ein gong på nyåret. Vil du kjøpe lott så er vippsnummeret 101456 og du skriv berre på kvens lodda skal skrivast på. Foto Jon Olav Ørsal

Dette hadde dei nok litt erfraring frå tidlegare med, for det vart dekt til rundt 30, og det stemte nok ganske bra.  Kanskje litt færre enn vanleg på grunn av kollisjon med andre aktivitetar.  Dem som vart traktert med fiskesuppe ga uttrykk for at dei var godt nøgd med menyen, som vart avslutta med ein enkel kaffekopp og noko attåt.  

Rundt bordet – Marit S. Søyset, Jorunn Husby og Liv Larsen. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir det focaccia-brød til fiskesuppa – Frå venstre Ragnhild A. Moe og Solveig glærum. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. november 2025, 15:24