Kjenner du deg sliten og tappet for energi? Kroppen spelar kanskje ikkje heilt på lag? Det er spørsmåla Friskliv og Meistring i Surnadal kommune stiller i samband med at dei inviterer til tolv vekers frisklivskurs.
Friskliv og Meistring i Surnadal kommune inviterer atsså til tolv vekers frisklivskurs, heilt utan treningspress. Dette er eit lågterskeltolbod for personar over 18 år som vil ha meir energi og overskot. Små steg. Stor kraft er mottoet! Ein treng heller ikkje vere i form for å delta.
Kvar veke blir det ei inneøkt og ei uteøkt med temabaserte samlingar og helsesamtale. Kursstart er måndag 7. september og oppmøtestad er sokkelen på Surnadal sjukeheim.
Påmelding til Fysioterapitenesta i Surnadal kommune på telefon 71 65 82 21.
Friskliv og Meistring i Surnadal kommune ønsker velkommen på kurs!

