Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til tenning av julegata på søndan

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. november 2025

Søndag 30. november klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si! 

Her blir butikken lyssett. Foto: B G Ansnes

Julenissen er ein travel kar, så han hadde ikkje høve til å kome i år, men han har vore innom med pakkar til ungane, slik at alle ungane får pakke sjølv om nissen sjølv ikkje kjem!

Rutinert pyntegjeng. Foto: B G Ansnes

Onsdag kveld monterte Torkjel, Svein Håvard, Jo, Frikk, Kjetil og Ola julegata, når dei seks karane pynta med lys på Hett & Svett, Matkroken Todalen og ved dristoffanlegget til Matkroken Todalen.. Dei har etter kvart blitt riktig så rutinerte på dette arbeidet, slik at pyntinga i år var unnagjort på ein stor time, og alt er klart til julegatetenninga på søndag!

Todalen bøgdalag ønsker velkommen til tenning av julegata på søndag!

Publisert: 27. november 2025, 14:57