Tysdag 24. februar er det 4 år sidan at millitære styrker frå Russland gjekk inn i Ukraina, og krigen går inn i sitt femte år, utan at det ser ut til å vere håp om ei snarleg fredsløysing.
Fireårsdagen blir markert med ei solidaritetsmarkering for Ukraina på Surnadal frivilligsentral tysdag 24. februar frå klokka 17:00 – 19:00. Alle er velkomne til å delta på solidaritetsmarkeringa for Ukraina.
Ein er velkommen til å ta med seg ukrainsk mat ein vil dele med andre. Ein er også velkommen til å dele eit dikt, ein song eller ei forteljing.
Arrangørane ønsker alle velkommen til solidaritetsmarkeringa for Ukraina!


