Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer helga 11. – 13. september til «Småviltjakt for heile familien». Dette er ein familietur med overnatting, der målet er å gje barn, unge og voksne ein positiv introduksjon i småviltjakt, friluftsliv og naturbruk.
Arrangementet er eit lågterskeltilbod og passer både for familiar som er heilt nye innan jakt og friluftsliv, og for dei som har litt erfaring fra før.
Turen er lagt til Vaulen, med overnatting i hytta. Her får barna moglegheit til å oppleve småviltjakt i praksis. Aktivitetane er tilpassa, slik at alle kan delta, uavhengig av forkunnskapar. Fokuset er retta mot meistring, naturglede og fellesskap.
Det planlegges felles middag, men deltakerne må ta med brødmat til frokost og lunsj, samt snacks til eige bruk. I tillegg vil det vere mogleg å fiske i Vaulavatnet eller ta ein tur til Limåskjerka, for dei som ønsker dette som ein del av helga.
Arrangementet er ope for alle og skal bidra til rekruttering og auka interesse for jakt, friluftsliv og bruk av naturen som arena for gode opplevelser saman.
«Småviltjakt for heile familien» tek til fredag 11. september klokka 16:00 og blir avslutta søndag 13. september klokka 11:00.
Prisen er kroner 250,- for medlemmer og kroner 500,- for den som ikkje er medlem.
Påmelding til Heidi Walle Reiten på e-post eller telefon 995 55 691.

