Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til siste pårørandekafe onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mai 2026

Surnadal sanitetsforening, Surnadal demensforening og helselag, i samarbeid med Surnadal kommune inviterer onsdag 3. juni mellom klokka 18:00 – 20:00 til siste pårørendekafe i denne omgang. Pårørandekafeen denne gongen er i dei nye lokala til Surnadal frivilligsentral på kulturhuset.

Dette er ein fristed der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe kan gå hand i hand.

Denne gangen får pårørandekafeen besøk av Rikke Schwabe, som jobbar i Heimetenesta i Surnadal kommune. Ho vil snakke om tenester folk treng og tenestene heimetenesta har, og kor viktig pårørande er.

Tilbodet er gratis og ope for alle pårørende, uansett livssituasjon og bustadadresse.

– Av erfaring vet vi at kommunegrensene ikke er et hinder, men en styrke for pårørende, heiter det i invitasjonen.

Arrangørane ønsker velkommen til pårørandekafe!

Publisert: 29. mai 2026, 07:42