Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 1. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00, og dette er ikkje ein «aprilspøk». «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Så har du lyst til litt sosialt samvær med litt hjernetrim innimellom skiturane eller andre syslar no i påska, så er ungdomshuset rette staden denne onsdagskvelden!
Sidan det er bortimot ein månad til «Påskequizen», så har ein god tid til å finne lag og øve litt før det brakar laus!
Quizmaster denne gongen, er som i fjor, bøgdalagets leiar, Svein Håvard Brøndbo.
Sal av øl (med og utan alkohol), mineralvatn og snacks.
Todalen bøgdalag ønsker velkommen til «Påskequiz» i ungdomshuset!

