Surnadal sanitetsforening, Surnadal kommune og Surnadal demensforening og helselag inviterer til «pårørandekafé» på Surnadal frivilligsentral onsdag 7. januar klokka 18:00 – 20:00. Dette er eit nytt og viktig tilbod for pårørande og ein lågterskelkafé på frivilligsentralen – ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.
– Kafeen er tenkt som ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringar eller andre livsutfordringar. Her kan ein senke skuldrane, dele erfaringar, eller berre nyte stillheita med ein kopp gratis kaffe og enkel servering, heiter det i invitasjonen frå arrangørane.
Tilbudet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse.
Arrangørane understrekar at dei av erfaring er klar over at kommunegrensene ikkje er et hinder, men heller ei styrke for pårørende. Kafeen drives av frivillige, og har som mål å gi pårørende et pusterom i en krevende hverdag.
– Av erfaring vet vi at kommunegrensene ikke er et hinder, men en styrke for pårørende, heiter det også i invitasjonen.
Kafeen blir driven av frivillige, og har som mål å gje pårørande eit pusterom i ein krevjande kvardag.
Kom og gå når du vil!

