Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterer til «pårørandekafe» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, onsdag 4. fabruar klokka 18:00 – 20:00. Ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.
Kafeen er tenkt som ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringer eller andre livsutfordringar.
Arrangørene ønsker gjerne tilbakemeldingar og innspel til korleis ein skal nå fram til «treffe» målgruppene enda betre. Er invitasjonen for brei? Burde den vore spissa meir, for ulike pårørenderollar? Foredragshaldarar? Ta kontakt dersom ein ønsker å kome med innspel, eller kom innom på frivilligsentralen onsdag kveld!
– Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse. Av erfaring veit vi at kommunegrensene ikkje er eit hinder, men ei styrke for pårørende, heiter det i invitasjonen.
Arrangørane ønsker alle velkommen, og ein kjem og går når ein vil!

