Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «pårørandekafe» med viktig tema onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. april 2026
Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterer til «pårørandekafe» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, onsdag 8. april klokka 18:00 – 20:00. 
Temaet denne gongen er «Hvordan ta vare på meg som pårørende?»
 
– I den forbindelse kommer Linda Margaret Øye Fiske (Aktivitetskontakt psykisk helse og rus) og Anita Faksnes Melkild (Psykiatrisk sykepleier) for å hjelpe oss til å snakke om det å være pårørende til noen som har utfordring med f eks kronisk sykdom, psykisk helse og rus, heiter det i invitasjonen frå arrangørane. 
 
Dei vil bidra med fagleg innsikt og legge til rette for ein samtale om korleis det blir oppfatta å vere pårørande, og korleis ein kan ivareta eiga helse og livskvalitet i krevjande situasjonar.

Fakta om «pårørandekafeen»

«Pårørandekafeen» er ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.

Kafeen er tenkt som ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringer eller andre livsutfordringar. 

Arrangørene ønsker gjerne tilbakemeldingar og innspel til korleis ein skal nå fram til «treffe» målgruppene enda betre. Er invitasjonen for brei? Burde den vore spissa meir, for ulike pårørenderollar? Foredragshaldarar? Ta kontakt dersom ein ønsker å kome med innspel, eller kom innom på frivilligsentralen onsdag kveld! 

Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse!


Invitasjon Pårørendekafeen april

Arrangørane ønsker velkommen til «pårørandefafe» onsdag!

Først publisert: 6. april 2026, 08:39 - Sist oppdatert: 7. april 2026, 08:02