Måndag 9. februar klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til opa lesegruppe, høgtlesing for vaksne på lesesalen på Surnadal bibliotek.
Leiseleiaren vel ut tekstar som han eller ho les høgt. Under vegs pratar ein om teksten. Ein vel sjølv om ein vil delta i samtalen, eller berre sitte og lytte. Det er ingen krav om å lese teksten på førehand, så her er det berre å møte opp.
Å vere med i lesegruppa er gratis, og det blir servert gratis kaffe og te
Det er viktig at den som vil vere med melder seg på, for er det ingen påmeldt blir det inga lesegruppe. Melder seg på gjer ein ved å sende melding til 476 80 797, på facebook-melding via Surnadal bibliotek si facebookside eller på e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no.
Surnadal bibliotek ønsker alle velkommen til opa lesegruppe måndag!

