Søndag 8. november klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til minnegudsteneste i Todalen kyrkje. Denne blir arrangert søndagen etter Helgemessesøndag, i og med at Todalen kyrkje ikkje hadde gudsteneste denne søndagen.
Prest under minnegudstenesta er Pål Arne Winsnes, medan Bernt Idar G. Bøe er organist.
Etterlatte etter dei som har gått bort sidan førre Helgemesse, og som er heldt kyrkjeleg gravferd for i Todalen, er særleg invitert til gudstenesta søndag. Namna på dei som har gått bort sidan Helgemessa i fjor, vil bli lest opp og det vil bli tent lys for dei.
I gudstenesta vil det også vere høve til å tenne lys i lysgloben for sine kjære.
Salmane som skal syngjast denne søndagen er:
489 – Blott en dag
818 – O bli hos meg
882 – Eg veit i himmelrik ei borg
Takkofferet denne gongen går til til konfirmantarbeidet og kan gjevast på Vipps 506908 eller ved utgangen.
Konfirmantane i Todalen er velkomne til å delta i gudstenesta.
Todalen sokneråd ønsker alle velkommen til minnegudsteneste i Todalen kyrkje søndag!


