Surnadal Eldreråd og Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til markering av FNs internasjonale eldredag på Frich’s Hotell Surnadal fredag 2. oktober klokka 14:00
Leiar i Møre og Romsdal Pensjonistforbund, Paula Næss Skaar kjem. Han vil mellom anna ta opp eldre sin situasjon i e uroleg tid med mange utfordringar. Trubadur Erik Hol også. Han vil underhalde med gitarspel og song.Til middag blir det servert viltgryte av norsk hjort eller elg med rotgrønnsaker, potetmos og tyttebær. Etter middagen er det dessert med kaffe. Eigenandelen er kroner 300,-. Eigenandelen kan ein anten Vippse til nummer 630639 eller betale kontant ved frammøte. Diabetikarar og den som må ha glutenfri mat, blir bedne om å gje beskjed om dette ved påmelding.
Bindande påmelding til Wenche Kvendset på telefon 911 75 335 eller Ann Grete Gravvold på telefon 901 84 243. Påmeldingsfristen er måndag 21. september.
Arrangørane ønsker velkommen til markeringa av FNs eldredag 2026!