Torsdag 21. mai klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Todalen og Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Etterpå blir det sosialt samvær og idrettslaget fyrer opp bålpanna og steiker pøler og serverer desse med brød/lompe til alle.
Idrettslaget håper også mange vil prøve sjakk og shuffleboard, som er aktivitetar i nærmiljøanlegget.
Det blir også lagseriestemne på Bordholmen stadion torsdag 4. juni og torsdag 18. juni klokka 18:00.
Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen til lagseriestemne!

