Laurdag 28. februar frå klokka 11:00 – 15:00 inviterer Svinviks arboret til kurs i beskjæring av frukttre. Så er ein usikker på korleis ein beskjær frukttre? Da er det berre å melde seg på kurset for å få lært dette.
Mange oppleves beskjæring av frukttre som vanskeleg, og usikkerheita kan lett stoppe naudsynt vedlikehald i våre hagar. Svinviks arboret tilbyr difor eit halvdagskurs rettet mot kvisting av frukttre i private hagar.
Arboretet har over 200 frukttre i samling si, som fordeler seg på både gamle historiske, halvvaksne trær og nyplanta. Kursdeltakarane får mogleigheit til å sjå på ulike val som må gjøres, og korleis desse påverkar kvistinga på de enkelte trea.
Kurset tek til inne i kafeen der ein får sjå nærare på kvifor og korleis ein skal kviste. Første delen tek rundt 45 minutt, og etterpå er det ein liten matpause. Etter dette går ein ut i arboretet der ein ser på dømer. Ein går også gjennom meir spesifikke utstyr for kvisting, før det blir moglegheit for praktisk kvisting.
Kurset er meint som eil lågterskeltilbod for å føle seg tryggare i arbeidet med frukttre i eigen hage.
Praktisk informasjon
Deltakarane må ha med hanskar, reingjort hagesaks og ei lita handsag som er egna til kvisting. Alt utstyr blir desinfisert på staden.
Klær etter vêr og temperatur.
Antall kursdeltakere er begrenset til 15.
Kurset blir leia av museumsgartner Patrick Nilsen telefon 416 38 652.
Ta kontakt ved spørsmål om kurset.

