Fredag 3. april (langfredag) frå klokka 11:30 inviterer driftsstyret for vinteranlegg og skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. Starten for «Kjerringdilten» er klokka 13:00. Vêrmeldinga på yr.no seier akkurat no at det skal bli opphalsvêr plussgrader, men her er det nok lurt å følge med på yr.no for å få med seg dei siste oppdateringane fram mot langfredag.
Skihyttekomiteen seier dette om årets utgåve av «Kjerringdilten»:
I år er det snømangel på fjellet (pr i dag), så i år blir det som i fjor – terrengløype.
Vi går en runde opp mot Kjerringa, litt utover og ned igjen. Ca en Kilometer.
Idealtid beregna etter vanleg gange på rolig fjelltur. Passar for alle -onga som voksne.
Vi starter kl 12.00 med å gi ut startnr. KL. 13.00 går første par ut.
Vandrepokal – som må tas to gong for å få den med heim for alltid.
pluss pokal til 1. , 2. og 3. plass – til odel og eie.
PS! Hvis det mot formodning kjem ein «halvmeter snø», så vil vi informere om evt. endring i arrangementet på onsdag ettermiddag.
Kjøkkensjef Halset melder at han vil servere nystekte bakels og nykoka graut frå klokka 11:30. Ellers byr han på varme pølser med brød/lompe, kaffe og saft.
– Ta med kontanter!! Ingen internettforbindelse der oppe. (Prisene har «høyfjellstillegg», da alt i år må bæres opp, dårlig skuterføre?, seier driftsleiar Terje Nordvik til slutt!

