Søndag 30. novmeber klokka 15:00 inviterer Koret P17, solistar og orkester til julekonsert i Todalen kyrkje, medan dei klokka 19:30 inviterer til julekonsert i Åsskard kyrkje. I tillegg til å synge og spele songar med jula som tema, feirar songarane 50-årsjubileum, der dei har henta fram godbitar frå eldre og nyare program.
Kor, solistar og orkester inviterer syngande og lyttande publikum til musikalsk julefest.
Høgtidsmusikk – med kantate
Sentralt står Arne Dagsviks kantate «I denne søte juletid» – ei vakker og uttrykksfull formidling av juleevangeliet. Dertil blir det kjent, folkeleg og klassisk høgtidsmusikk – Alnæs’ «Julemotett», «Stille natt» (i yndig originalversjon), norsk og utanlansk i utsøkt blanding. Allsongen er ikkje glømt – her får alle delta i «deilige, himmelblå og betlehemske» juleperler!
Orkester og solistar
Profesjonelle musikarar frå fem land dannar orkesteret: Trond Saltnes, Odd Sonntag og Synnøve Hammervold (fiolin), Anna Ostachowska (bratsj), Zhala Aliyeva Einarsen (cello), Jasmina Zivic (fløyte) og Ebba Ringmar (obo). Så både kor, solistar og forsamling får solid, internasjonalt tonefølgje!
Solistar på begge konsertane er Øystein Moe, Nora Bøe og Turid Røen Kroknes. Turid syng m.a. utdrag frå Bachs «Juleoratorium». I Åsskard deltek også den talentfulle duoen Ellen Fiske (vokal) og Johanne Holten (piano) i to nyare julemelodiar.

Kantaten «I denne søte juletid» frå 1991 er juleevangeliet som tilnærma syngespel. – Vi har framført den ofte og opplever at folk likar den, seier korleiar Bernt Bøe. Foto Randi Bøe
Formidling i femti år
Konsertane markerer 50-års jubileum for dette lokale kormiljøet. Det starta som Åsskard Kyrkjekor i 1975. Samarbeid med Todalskoret og andre songarar førte etter kvart til felleskoret Prosjekt 17.
Koristane, ofte med musikarar som no i helga, har gjennom eit halvt hundreår formidla breitt repertoar, frå slagerlåter til klassisk.
Og dei gler seg til å jubilere med juletonar i Todalen og Åsskard denne adventssøndagen!




