Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til gratis skihelg i alpinbakken

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. mars 2026

Laurdag 7. og søndag 8. mars inviterer Svorka alle kundar til gratis skihelg. Kunden vel sjølv om ein vil ha gratis heiskort i Surnadal alpinsenter laurdag eller søndag. Tilbodet gjeld for heile familien, men ein må altså velge om ein vil nytte seg av tilbodet laurdag eller søndag. 

Så kanskje er det på tide å koste støvet av slalåmskia og teste gamle ferdigheiter i alpinbakken? Svorka gler seg til å sja mange av kundane sine i bakken laurdag og søndag!

Erik og Halvard invitere Svorka sine kundar til kundedag i Surnadal alpinsenter laurdag og søndag. Foto: Svorka

Praktisk informasjon:

  • Hent heiskort på Svorka sin stand i Surnadal alpinsenter mellom klokka 11:00 – 16:00.
  • Heiskortet gjeld for ein av dagane, og du vel sjølv dag.
  • Alle i husstanden til kunden får gratis heiskort.
  • Det er inga påmelding, berre oppmøte på Svorka sin stand i alpinsenteret. 
  • Er ein kunde i Svorka, men har ikkje fått tekstmelding? Ta kontakt med kundeservice på telefon 979 12 222

Da er det berre å finne fram ski og utstyr og møte opp i Surnadal alpinsenter laurdag eller søndag!

Først publisert: 5. mars 2026, 14:40 - Sist oppdatert: 6. mars 2026, 17:35