Den siste veka i sommerferien arrangerer Surnadal kommune gratis ferieaktivitet for barn og unge, som bur eller går på skule i kommunen. Aktivitetene er støtta av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR).
Måndag 10. august blir det Buldring på Trollheimen Klatresenter for barn på mellomtrinnet. Dei som vil kan også prøve seg på tauklatring i den 8,5 meter høge klatreveggen.
Tysdag 11. august blir det goart-køyring på Halsa Motorsportsenter. Dette er for dei litt eldre, i ungdomsskule- og videregåendealder.
Onsdag 12. august er det «vikingdag» på Åsen bygdemuseum. Dette er eit arrangement for heile familien. Kom og møt medlemmar av Møre frie vikingar som formidlar og gir deg innsikt i vikingtida.
Her er det plass til mange, så inviter med ein venn eller to! Vi går til og frå Kavlvegen, og avsluttar dagen på Åsen bygdemuseum.
Torsdag 13. august er det gratis kino i Kammerset på Surnadal kulturhus. Her er det ingen påmelding, så om ein vil sjå film er det berre å møte opp. Filmen som blir vist er Paw Patrol – Dinofilmen.




