Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «førjulspause» med bål og bad

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. desember 2025

Surnadal frivilligsentral og Surnadal kommune i samarbeid med Surnadal Røde kors inviterer til «førjulspause» på Kalkstranda på Glærum måndag 15. desember klokka 18:00. Arrangementet er ein del av markeringa av at 2025 er Friluftslivets år. 

– Unn deg ein pause frå førjulsstresset, med bål og eit bad. Dette er eit lågterskel arrangement, der målet er å senke skuldrene. Vi serverer kaffe, gløgg og pepperkaker, heiter det i invitasjonen frå Surnadal frivilligsentral. 

I tillegg heiter det:

Dersom ein vil bade? Da er det lurt å ta med:

  • pledd til å sitte på
  • handduk
  • varme klær
  • ullsokker for å ha på i vatnet, dersom ein ikkje har badesko
  • det er smart å ha på badeklær under klærne, slik at ein ikkje treng å skifte ute

– Dette passar også godt for deg som aldri har prøvd vinterbading før, men har litt lyst. Røde Kors vil vere til stades, i tillegg til fleire erfarne badere, som kan veilede deg viss du ønsker det, heiter det til slutt i invitasjonen. 

Publisert: 12. desember 2025, 14:02