Laurdag 14. februar inviterer Idrettslaget Søya og Trollheimen Fjellsportklubb til familiedag og
World Cup for ungdom i randonee på Vang Skiarena og Strengentraseen frå klokka 11:00.
Frå klokka 11:00 – 13:00 er det skisprell randonee. Møre og Romsdal skikrets arrangerer artige aktivitet for alle barn. Ta med langrennski.
Ved klubbhuset på Vang Skiarena er det open kiosk med mellom anna graut med bakels, kaffe, kakao og mykje anne. Det blir også fyrt opp i bålpanna med grilling av pølser.
Maskottene fra Sparebanden kjem også innom arrangementet. .
Klokka 12:00 er det start i World Cup for ungdom si øving i vertikal. Her handler det om rå styrke i kampen opp bakkane for å kome først til toppen.
Publikum kan sjå utøvarane frå lundingsplassen, ved løypa eller på Klåberget. Publikum må ikkje gå i sjølve løypa før konkurransen!
Klokka 13:45 er det blomsterseremoni ved klubbhuset på Vang Skiarena.
IL Søya og Trollheimen Fjellsportklubb ønsker alle velkommen til vinterens store hending!

