Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til fagdag om overgrep

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. januar 2026

I samråd med Surnadal kommune, inviterer Surnadal kirkelige fellesråd til halvdags fagdag om seksuelle overgrep torsdag 15. januar klokka 13:00 – 17:00 i Kammerset på Surnadal kulturhus. Bakgrunnen for fagdagen er overgrep i lys av Hyldbakk-saka som vart offentleg kjent i fjor haust, og som har fått mykje merksemd både lokalt og nasjonalt.

Etter fagdagen er det klokka 18:00 «messe for verdighet» i Øye kyrkje med same tema.

Sanitetskvinnene vil gjennom «Rød Knapp-allinansen – stopp vold mot kvinner» delta både under fakgdagen og under gudstenesta.  

I invitasjonen, som er underskriven av sokneprest Pål Arne Winsnes, prost Vidar W. Rygh og kirkeverge Tor Rune Halset, heiter det at dei med denne fagdagen ønsker å skape rom for refleksjon, kunnskap og samtale.

Under fagdagen vil ein mellom anne vil ein ta opp tema som: 

  • seksuelle overgrep og konsekvensar for dem som blir utsatt

  • korleis lokalsamfunn blir påverka når overgrep blir kjent, og kva for utfordringar dette kan skape

  • lokalsamfunna sin rolle i slike saker

Foredragshaldarar på fagdagen er rådgjevar Inger Jepsen og psykolog Oddfrid Skorpe frå Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS Midt). I tillegg deltek Biskop Ingeborg Midttømme med følge og Anne Marie Østhus frå Vake – kirkelig ressurssenter mot seksuelle overgrep. 

Surnadal kommunestre er også invitert til fagagen. 

Etter gudstenesta er det kyrkjekaffe. 

Publisert: 6. januar 2026, 17:49