Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til dialogforum ved Surnadal barne- og ungdomsskule

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. april 2026
Surnadal kommune inviterer foreldre og andre interesserte til dialogforum ved Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS) tysdag 21. april klokka 18:00 – 20:00. Bakgrunnen for dialogforumet er den krevjande økonomiske situasjonen Surnadal kommune står i, og at ein i samband med dette vurderer endringar i skulestrukturen i kommunen. 

Bakgrunn for møta 

Surnadal kommunestyre vedtok i sitt møte 18. desember, som eitt av fleire tiltak, å vurdere endringar i skulestrukturen gjennom å flytte heile, eller deler av Mo skule til SUBUS.  Høyringsdokumentet, som er utarbeidd i samband med dette, presenterer tre konkrete alternativ. Fortsette som i dag, flytte 5. – 7. årstrinn frå Mo skule til SUBUS eller flytte heile Mo skule til SUBUS.

Surnadal kommune ønskjer å informere om innhaldet i dokumentet og legge til rette for ein god og grundig prosess, der foreldre og lokalsamfunn kan bidra med innspel og refleksjonar. Barn og unge si stemme er også viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt i eigne fora.

Tema på møtet

– Innleiing
– Kort presentasjon av høyringsdokumentet
– Arbeid i prosess med foreldre og interesserte

Høyringsdokumenta og gje innspel

Les høyringsdokumenta og gje innspel, der fristen for innspel er 24. april. Alle innspel vil bli vurdert før saka blir handsama politisk i kommunestyret sitt møte tysdag 19. mai.

Surnadal kommune ønsker velkommen til dialogforum på SUBUS tysdag 21. april!

Publisert: 9. april 2026, 10:00