Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til dans i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. april 2026
Skulstuå i Todalen ynskjer atter velkomne til dans i Todalen ungdomshus måndag 13. april klokka 19:00 – 21:00. Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før.
 
Det blir både kursing av polsdans frå Nordmør i Todalstradisjon, vals og reilender med meir med Rune Hanem og co. 
 
Pris:
Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
 
Stad: 
Todalen ungdomshus
 
Tid:
Måndag 13.april kl.19.00 – 21.00
Tysdag 28.april kl.19.00 – 21.00
 
Mat:
Det blir sal av god og heimlaga mat 
 
Publisert: 11. april 2026, 07:24