Søndag 30. november klokka 16:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus, og tysdag 2. desember inviterer grendalaget til historiekveld i Nordvik forsamlingshus klokka 19:00.
Basar søndag 30. november
Først ut er altså den trandisjonelle førjulsbasaren søndag 30. november klokka 16:00. Trekninga blir klokka 18:00. Grendalaget oppfordrar folk til å ta med basargevinst!
Førehandslodd kjøper ein via vipps eller ved å bruke QR-koden nedanfor:

Historiekveld tysdag 2. desember
Tysdag 2. desember klokka 19:00 er det historiekveld med Einar Oterholm. Her vil han fortelje historia til Nordvik Meieri og Nordvik smørlag.
Det blir sal av kaffe, kaker og lodd.
Nordvik Grendalag ønsker velkommen både til basar og historiekveld!

